9.3.08

Leiken i Jakta

Ein ny sjanse

Gikk no det der så bra? Vi stod jo der og snakka, men eg hadde ikkje følelsen av at ho fikk nokon interesse for meg. Eg lurer på kvifor? Kanskje eg skulle spørje Per, han skryt jo alltid over at han er så flink med damene. Ja, det gjer eg. Eg finn fram sykkelen min. Han har eit av verdas beste krankhus! Det er heilt sant.


Vel framme ved huset til Per, går eg bort og ringer på. Det er mor hans som opner døra.

-Hei, eg kjem for å snakke med Per, seier eg.

Vi her ute på landet har sjølvsagt ikke høyrt om korkje telefon eller messengar.

-Eg skal gå og hente han.

Eg høyrer nokon som kjem ned trappa.

-Kva er det som skjer, seier Per.

-Eg kjem for å lære korleis eg skal få draget på damene.

-Aha, ja det var jammen på tide. Kven er det du har lagt deg etter no då?

-Jau, ja. Du veit...

-Akkurat ja, eg trur nok eg veit ja.

-Eg håpte at du hadde nokon gode tips. Ting eg kan seie og gjere, så ho ikkje tykkjer eg er heilt toskete.

-Du kan jo byrje med å finne noko å snakke om på førehand, så du ikkje berre seier hei og vert ståande der som ein annan bondeknøl.

-Det var kanskje ikkje så dumt nei...

-Og så må du jo ha litt sjølvtillit! Gå bort til ho med faste, men avslappa skritt, og hels på ho på ein kul måte!

Og når de ikkje har meir å snakke om, kan du bli litt sentimental og sei at du likar ho. Jenter likar slikt, skjønar du. Sjå der du, der trur eg jammen du har greidd å fylle ¾ side!

-Tusen takk for hjelpa, eg skal prøve så godt eg kan!


Ho står der og pratar med nokre av veninnene sine. Kvifor er det uråd å snakke med ei jente aleine? Eg spradar bort til ho:

-Sjalabais, seier eg.

Dei andre jentene skrik og spring sin veg. Det er min dag i dag, eg kan føle det på meg.

-Hei.

-Korleis går det?

-Det går bra med meg.

-Så bra.

Eg byrjar å sleppe opp for ting å seie allereie, eg må kome på noko litt kjapt, elles er eg ferdig.

-Skjer det noko spanande med deg no? spør eg.

-Tja, eigentleg ikkje.

-Neivel.

Ho gjer det no ikkje så veldig enkelt for meg heller. Kvifor kan ho ikkje svare noke som eg kan kommentere?

-Er det mykje lekser for tida då, spør eg.

Eg gidder ikkje eingong høyre på svaret. Faen heller, no blir eg visst nødt til å ty til dei emosjonelle greiene til han Per.

-Eg synest du er veldig søt, hostar eg fram.

Kvifor ser ho så rart på meg? Høyrde ho ikkje kva eg sa?

-Bringa mi er fylt av elskhug, seier eg, litt for høgt.

No vert ho tydeleg brydd.

-Du skjønar, eg synest du er ganske hyggeleg altså, men eg er faktisk lesbisk. Men om du vil, kan vi godt vere vener!


Akkurat ja. Det forklarer jo ein del. Men eg vant, gjorde eg ikkje det?


Gamal skolestil

Ingen kommentarer: