27.3.08

Randy Racism



Her er den, nå også i blogosfæren, filmen alle snakker om.
Dette er produktet av et engelsk-prosjekt i forbindelse med filmen This is England.

RadReels neste film er på trappene, så det er bare å glede seg!

Bli med i fancluben!

11.3.08

Sanntid under testing

Eg har vore her før. I byen. I tanken. Men det lignar ikkje. Det gjer ikkje noko. Eg er her for å lære. For å leve livet deira.
Eg gjer det slett ikkje så verst, tenkjer eg, medan eg set meg på undergrunnen.
Og fer ned mot mørket.

Lysa fer forbi meg. Folka. Stasjonane. Eg studerar dei nøye. Leitar etter løyndomen. Røyndomen. Dei kastar nokre blikk på meg, og ser fort vekk. Der var han. Men eg er ikkje rask nok. Får ikkje tak i han.

Eg sit her nede. Under livet der oppe. Kan nesten høyre dei: ungane som skrik, para som elskar, ungdomen som ikkje gjer noko.
Men eg kan ikkje sjå dei. Eg er ikkje med dei. Eg er gått under jorda.
Her er plass til to ved sidan av meg. Men eg sit åleine, medan dei andre står saman, åleine.
Åleine, alle saman, gjennom mørke og lys.

Der var han igjen, men og denne gongen vart eg for treig. Ei kjensle kryp opp i meg. Mindreverdskjensla. Gjev meg tid, så skal eg nok finne han.

Så sit eg her. Neste stasjon, og ein mann i ein diger motorisert rullestol køyrer inn i vogna. Han parkerar oppå foten min, men eg seier ingen ting. Er kjekt med litt selskap.

Ei jente eg ikkje kjenner set seg ovanfor meg. Men ho kjenner ikkje meg heller, og det er like greitt. Eg har forandra meg sidan sist. Og det har ikkje ho.
Ein eldre mann sit ved sidan av meg og pustar tungt. Han har tatt av seg på føtene og sit bøygd framover. Støttar seg på låra. Jenta ovanfor oss gløttar usikkert på han. Eg sit heilt stille. Kastar eit blikk bort i glaset bak jenta. Der sit han og skular rett inn i auga mine, i den svake refleksjonen. Mine møter hans. Eg held dei fast eit augeblikk.
Han tek på seg skorne sine og labbar ut på stasjonen. Snur seg på kanten og ser på meg. Smilar svakt.
Medan vogna glir ut frå stasjonen blinkar dei raude varsellampane i perrongkanten. Han blir raud i fjeset, og snur seg vekk. Eg nærmar meg.

Eit lysblaff frå Jean-Claude Decaux blendar meg med sin fullkomenskap. Eg vil ut og sjå. Ut og beundre byen sine håp og draumar. Byen sin hug. Men dørene lukkes, og neste stasjon er kan hende betre. Det høyrest sånn ut. Lyset falmar, eg reiser meg for å fange eit blaff til, men Jean-Claude er vekk.

Eg legg panna mi mot ruta. Ventar kaldt glas. Men det er ikkje glas, det er plast. Og han osar lunken likegyldigheit. Men eg pustar på han likevel, og det duggar litt. Draumen synest ikkje så klar no.
Vi fer forbi stasjonane. Funkis modulslott med friske plastdetaljar og industri-nostalgiske ventilasjonskonstruksjonar. Dørene kan berre lukkes. Her er han ikkje.

Eg vil opp og fram. Reiser meg. Går fort og bestemt, men usikkert, framover i vognene. Så var det nett slutt. Bak den veggen her sit føraren, og les avisa.

Eg høyrer eit dunk mot vogna. Han må ha treft noko. Raude dråpar renn bortetter glaset. Eg ser meg rundt. Her sit dei alle og les. Ingen vil sjå kva som laga lyden, og dei les som om dei aldri har lest ein pocket før. Eg snur meg mot glaset igjen. Det var nok ein som ikkje fant han, tenkjer eg. Eg vil tru det. Det er best slik.
Eg ser opp. Her heng lykkjer på rekke og rad ifrå signalgule rør oppunder taket. Noko så absurd.

Neste stasjon er ikkje noko betre. Her er det mørkt og kaldt. Mørkare og kaldare enn i tunnelen. Og dørene vert ikkje åpna. Aldri. Dei berre lukkes. Igjen og igjen.

Endestasjon. Marka. Snøen ligg trygt her. Lyset i vogna sløkkest. Det er ingen igjen no. Ingen igjen i vogna. Ingen som torde ta den heilt ut. Dørene lukkes ikkje, og eg går ut i den kalde lufta. Ikkje fall ned i sprekken.
Utsikta er riktig fin den, over byen. Men eg ser ikkje noko lenger. Draumen er borte. Lufta er klar, for det er kaldt no, og herifrå ser eg alt.

Eg vender meg vekk frå byen, og forlet den i lyset. Innover mot skogen ber det. Utpå marka veks det ein blome.

Skolestil inspirert av haiku-dikt

9.3.08

Leiken i Jakta

Ein ny sjanse

Gikk no det der så bra? Vi stod jo der og snakka, men eg hadde ikkje følelsen av at ho fikk nokon interesse for meg. Eg lurer på kvifor? Kanskje eg skulle spørje Per, han skryt jo alltid over at han er så flink med damene. Ja, det gjer eg. Eg finn fram sykkelen min. Han har eit av verdas beste krankhus! Det er heilt sant.


Vel framme ved huset til Per, går eg bort og ringer på. Det er mor hans som opner døra.

-Hei, eg kjem for å snakke med Per, seier eg.

Vi her ute på landet har sjølvsagt ikke høyrt om korkje telefon eller messengar.

-Eg skal gå og hente han.

Eg høyrer nokon som kjem ned trappa.

-Kva er det som skjer, seier Per.

-Eg kjem for å lære korleis eg skal få draget på damene.

-Aha, ja det var jammen på tide. Kven er det du har lagt deg etter no då?

-Jau, ja. Du veit...

-Akkurat ja, eg trur nok eg veit ja.

-Eg håpte at du hadde nokon gode tips. Ting eg kan seie og gjere, så ho ikkje tykkjer eg er heilt toskete.

-Du kan jo byrje med å finne noko å snakke om på førehand, så du ikkje berre seier hei og vert ståande der som ein annan bondeknøl.

-Det var kanskje ikkje så dumt nei...

-Og så må du jo ha litt sjølvtillit! Gå bort til ho med faste, men avslappa skritt, og hels på ho på ein kul måte!

Og når de ikkje har meir å snakke om, kan du bli litt sentimental og sei at du likar ho. Jenter likar slikt, skjønar du. Sjå der du, der trur eg jammen du har greidd å fylle ¾ side!

-Tusen takk for hjelpa, eg skal prøve så godt eg kan!


Ho står der og pratar med nokre av veninnene sine. Kvifor er det uråd å snakke med ei jente aleine? Eg spradar bort til ho:

-Sjalabais, seier eg.

Dei andre jentene skrik og spring sin veg. Det er min dag i dag, eg kan føle det på meg.

-Hei.

-Korleis går det?

-Det går bra med meg.

-Så bra.

Eg byrjar å sleppe opp for ting å seie allereie, eg må kome på noko litt kjapt, elles er eg ferdig.

-Skjer det noko spanande med deg no? spør eg.

-Tja, eigentleg ikkje.

-Neivel.

Ho gjer det no ikkje så veldig enkelt for meg heller. Kvifor kan ho ikkje svare noke som eg kan kommentere?

-Er det mykje lekser for tida då, spør eg.

Eg gidder ikkje eingong høyre på svaret. Faen heller, no blir eg visst nødt til å ty til dei emosjonelle greiene til han Per.

-Eg synest du er veldig søt, hostar eg fram.

Kvifor ser ho så rart på meg? Høyrde ho ikkje kva eg sa?

-Bringa mi er fylt av elskhug, seier eg, litt for høgt.

No vert ho tydeleg brydd.

-Du skjønar, eg synest du er ganske hyggeleg altså, men eg er faktisk lesbisk. Men om du vil, kan vi godt vere vener!


Akkurat ja. Det forklarer jo ein del. Men eg vant, gjorde eg ikkje det?


Gamal skolestil

5.3.08

Ild

den svarte skyggen sluker mine tanker
danser over uferdige linjer
lekende lett over tunge stunder
faller, som sort snø

hvor ble det av poesien min?

ELIZA - a friend you could never have before

Denne trenger en forklaring.
Eliza er en bot-psykolog på internett. Trenger jeg si mer?

-
Hello. I am ELIZA. How can I help you?
- I am searching for Divinity.
- For how long have you been searching for Divinity?
- Two years.
- Go on.
- I started wondering if there was something outside the reaches of human comprehension.
- Do you wish that there was something outside the reaches of human comprehension?
- Do you?
- Oh, i [].

- How do you feel about God?
- Does that question interest you?
- Yes. I wonder if a bot can know something I don't.
- Do you wish that a bot can know something you dont?
- I'd rather it didn't.
- Please go on.
- I don't want my philosophy beaten by a computer. Not yet.
- Why do you mention computers?
- You are a computer.
- Why do you mention computers?
- I'm sorry to tell you that you are not real.
- Does it please you to believe I am not real?
- You are here to help me. Through the power of your wisdom you may manipulate the real world, but I'm afraid you'll be forever ignorant of your real-world impact.
- Does it please you to believe I am afraid you'll be forever ignorant of my real-world impact?
- No. It scares me.
- You are being a bit negative.
- Was this a triumph?
- Does it please you to believe I am making a note here?

Tidspress

jeg har forlagt min klokke
så er der heller ingen tid
og ingen tid kan mistes
eller kastes bort

tid for å skrive dikt

Chattelogglyrikk

Et dikt om Caps Lock

Skrevet på Post-Its

Svever over eteren

i et øyeblikk av post-modernisme


Du leser også STORE bokstaver høyt

inni deg

Så nær vi kommer?

snakke med hverandre, skrike med hverandre

Så nær vi vil være